NTNUI hadde med 8 damelag og 3 herrelag under SL, dvs at nesten alle av våre
spelarar var med under SL. NTNUI 1 som bestod av store delar av 3. divisjonslaget til NTNUI damer, med
kallenamnet Nederlaget under SL, viste tidleg seg som eit favorittlag med å gå
ubeseiera gjennom gruppespelet. Motstanden blei også rydda i kvart og semifinale og i
finalen var det NHHI som stod for tur.
Finalen var ein jamn affære der begge laga følgde kvarandre tett og det var
aldri meir enn nokon par måls leiing. Mot slutten var det heilt jamnt og begge lag
var foran i dei siste fem minutta, men med 15 sekunder igjen setter
Nederlaget ballen i mål og lagar frikast rett etter NHHI sitt avkast. NHHI klarar
ikkje å få ballen i mål på dei resterande 2 sekundane etter ein god redning av
målvakta til Nederlaget. Sigeren var eit faktum og gullfesten kunne starta.
Rett etter damefinalen var over var det gutta sin tur. Litt overraskande var
to NTNUI-lag som skulle spela denne finalen, NTNUI 1 mot NTNUI 3. NTNUI 1
som bestod av store deler av 2. divisjonslaget til NTNUI og NTNUI 3, med kallenamnet NTNU i 100, som bestod av folk frå alle av NTNUI sine lag
hadde hatt to litt forskjellige vegar til finalen.
NTNUI 1 hadde vunne alle sine kampar, mens NTNU i 100 gjekk vidare som lucky
looser frå kvartfinalen og slo førre års finalist NHHI på sudden death i
semifinalen. NTNUI 1 låg under mot NIHI i semifinalen etter bra spel av blant eliteseriespelar Steffen Skancke,
men ein snudde kampen etter gode innhopp frå Mads Kjønstad og Frode Nygård.
I finalen blei det tydelig at NTNUI 1 var heiltent og NTNU i 100 var fornøgd med å
komma til finalen, 1-1 blei til 1-11 som også var pauseresultatet. I
andre omgang var også NTNU i 100 tilstede mentalt på banen og det blei meir spel og det blei jamnare, sluttresultatet blei 10-19.
SL har satt sitt preg på byen med sprintlangrenn på Moholt, aktivitet i hallar i
heile Trondheim, koiefemkamp ved studentarhytta og ikkje minst i det generelle bylivet ( både natt og dag). Arrangementet har stort sett godt veldig
bra og vonar alle har hatt det like bra som oss i NTNUI Håndball.
Gratulerar med gull, gull og sølv, og også ein ekstra gratulasjon til dei som kom
på allstarlaget.
PS! Banketten blir det ingen referat frå, det får ein evt fylle inn frå
eigen varierande hukommelse.